Permalink

0

Kennen Sie schon … „Memoar.no“?

Memoar.no ist ein Por­tal zur Oral His­to­ry in Nor­we­gen:

Memo­ar — norsk organ­isas­jon for munn­leg his­to­rie: For­målet vårt er å frem­ja ein kul­tur for å ta vare på og dela munnlege forteljin­gar om levd liv. Memo­ar er eit his­to­rielag og vi ser på oss sjølve som ein del av det friv­il­lige kul­turver­net. Vi fun­ger­er som ressurssen­ter for munn­leg his­to­rie i Noreg. Memo­ar blei dan­na som ein friv­il­lig, demokratisk organ­isas­jon i Bergen i 2015.

Munn­leg his­to­rie: Vi ser på munn­leg his­to­rie som ein vik­tig del av den imma­terielle kul­tur­ar­ven. Munn­leg his­to­rie er sam­lin­gar av fyrste hands forteljin­gar om samtid og manns minne. Kvar enkelt av dei er sub­jek­tive og far­ga av fortel­jaren. Sam­lin­gane er rike og mang­faldige kjelder for alle som vil forstå. For his­to­ria utviklar seg ikkje logisk, rasjonelt og struk­tur­ert. Ho er strau­mar av levde liv, der alle er med­ska­parar og tidsvitne. Der­for hand­lar innsam­ling av munn­leg his­to­rie også om demokrati og kul­tur­poli­tikk. Mot­toet vårt er: Alle har ei forteljing å dele!

Memo­arme­to­den: Munn­leg his­to­rie blir sam­la inn gjen­nom opp­tak av lokalhis­toriske og tem­a­tiske inter­vjuse­ri­ar med primærk­jelder. Memo­ar arran­ger­er kurs og opplæring i metode for sam­tykke, inter­vju, arkiv og pub­lis­er­ing. Vi driftar fleire inter­vjus­tu­dio i Bergen og formid­lar inter­vju på memoar.no og minner.no. Alle inter­vju blir tatt opp på video. Fortel­jarpan­el, pod­cast, utstill­inger og fag­bøk­er gir merver­di til pros­jek­ta våre.

I heile Noreg: Memo­ar samar­bei­der med min­nesam­larar i heile lan­det, frå friv­il­lige og his­to­rielag til musè, arkiv og bib­liotek. Gjen­nom ei rekke inter­vjupros­jekt har vi vakse til ein lands­dekkande organ­isas­jon. Dei store nasjonale pros­jek­ta Kraft­tak for munn­leg his­to­rie (2018) og Munn­leg his­to­rie for alle (2019–2023) har skapt ei sam­ling med hun­drevis av inter­vju. Arkivet veks raskt og vi job­bar nå med å etablere ei nasjon­al løys­ing for å lagre munn­leg his­to­rie på lin­je med anna arkiv­ma­te­ri­ale.

Nettverk: Memo­ar er mel­lom anna medlem i Arkiv­for­bun­det, Muse­um­snettverk for mang­fold og minoriteter, Land­slaget for lokalhis­to­rie, Studiefor­bun­det kul­tur og tradis­jon og Inter­na­tion­al Oral His­to­ry Asso­ci­a­tion. Vi samar­bei­der med Norsk Etnol­o­gisk Granskn­ing (NEG), Norsk Folkeminnesam­ling og fleire uni­ver­sitet, teater og fortel­jar­fes­ti­valar. Eit av måla for arbei­det vårt i Memo­ar er å etablere Sen­ter for munn­leg his­to­rie.

Memo­arkon­toret: Vi har no fem ansat­te, tre i Bergen og to i Oslo, og fleire stu­den­tar knyt­ta til kon­torene våre. Kvart år arran­ger­er vi Memo­arkon­fer­ansen, eit vik­tig forum for museer, arkiv og friv­il­lige organ­isas­jonar som vil utvikle munn­leg his­to­rie som fagfelt og kul­turs­janger i Noreg. Ved siste årsskifte hadde Memo­ar 89 medlem­mer sprei­d­de over heile lan­det.

https://www.memoar.no/om-oss

Neben dem Por­tal gibt es auch ein Blog, eine Face­book-Seite, eine Face­book-Gruppe.

Schreibe einen Kommentar

Pflichtfelder sind mit * markiert.